tur2.jpg

Hallo.

Her blogges det.

O frelse!

O frelse!

Til Himmelrike med salme-, nei, barnesang på hjernen.

Leitinga etter sjølfivennlege stader som ikkje allereie er oppdaga og nedtrampa av dei store folkemengdene haldt fram i 2021. Det er eit paradoks med heile prosjektet, sidan eg ikkje har nytta min eigen konto på Instagram på fleire år. Så leitinga har andre motiv enn å klistre mitt eige åsyn i sosiale medier: ein, vise at det finst spektakulære stader som dei som er leie av å tråkke i spora til alle andre, kan vitje; og to, heve meg over folk, vise at eg er betre enn dei og at eg ikkje tråkker i spora til alle andre, men går mine egne vegar.

Det er lett å sjå at ein har kome fram.

Leitinga, som no er innsnevra av at eg må drasse på ein viljelaus men rørslehemma krabat (les: baby), enda me altså opp i Himmelrike, som ikkje er så vanskeleg å nå som konservative kristne meiner.

På Gautefall er det stille om sommaren. Dei mange hyttene står tomme og tause på rad, som dystre gravsteinar over naturen som ein gong levde her. Eg orkar ikkje å starte på ein utgreiing om norsk hyttepolitikk no. Eg er i relativt godt humør, og er det noko som får dei misantropiske tankane til å springe som ville hestar, er det hyttebygging i Noreg. Det og ståmopedar.

Lat oss berre seie at dei – hyttene, altså – er store, stygge og prangande, og i dette kongeriket har me ingen skruplar med å rasere naturen så lenge det inneber at me får vår eiga hytte. Og så øydeleggjar me gjerne litt natur til for å få på plass ein firefelts motorveg så me kommer oss på knappast mogleg tid får heim til hytte. Me er eit uansvarleg og forkasteleg dyr; det er godt me gjer en god jobb med å utrydde oss sjølve.

Men ja, me er på Gautefall, ein stad ingen vitjar om sommaren. Der, ein halvtime gang frå vegen, finst Himmelrike, ein spektakulær stad som influensarane framleis ikkje har omfamna. Dei skal jo helst opp i høgda, men for å komme til Himmelrike, må ein ned i et dalsøkk.

Me vart salege i Himmelrike.

Me vart salege i Himmelrike.

Himmelrike er svaberg så langt auge kan sjå. Kanskje ikkje heilt så langt, men i alle fall så langt fjellet rekk. Kontrasten til andre fjellområde i Noreg er makelaus. I området rundt Gautefall er det massivt berg, ikkje dei steinrøysene me finn til dømes i Dovrefjell. Og når ein har kome til Himmelrike, e det ikkje ei hytte å sjå.

Det er ikkje ein kjeft å sjå heller, sjølv om ein skulle tru at den kraftige vinden som rår denne dagen, skulle skremme sommarfolket vekk frå strendene ved Nisser og over på andre aktivititetar.

I Himmelrike er det vindstille. I Himmelrike er det sol. I Himmelrike vart med salege. Og i Himmelrike fekk me eit kult bilete.


Turen til Himmelrike er lettgådd og passar bra for alle. Det lokale turlaget har markert ein rundtur. Sjå Ut.no for meir.

Øyeblikk #1: Telemarksfe

Øyeblikk #1: Telemarksfe

Linsesuppe

Linsesuppe