tur2.jpg

Hallo.

Her blogges det.

Kyllingramen

Kyllingramen

 Me står med ein fot planta i ein framtidsdystopi.

"Storebror ser deg," heiter det i boka 1984, ein av våre mest kjende framtidsdystopiar. Me er fascinerte av korleis framtida vil sjå ut, og ho ser sjeldan bra ut. I 1984 lev menneska i ei overvakingssamfunn. I Aldous Huxley si utgåve av framtida – Vedunderlege nye verd – vart me skildra som kua idiotar: "dei fleste menn og kvinner vil læra seg å elske deira servilitet og vil aldri drøyme om revolusjon".

 Desse framtidsvisjonane lever me til ein viss grad allereie i dag. I 1985 hevda Neil Postman i boka Kosa oss sjølve til daude at versjonen til Huxley hadde vunne fram. No kan me kanskje seie at me lev i ein verd der delar frå båe Huxley og Orwell er relevante, men Postman er like relevant i dag: "Kva skal me gjere om me hevdar at ignoranse er kunnskap?".

 I 1984 og Vedunderelege nye verd finst det framleis eit styresett. På glaneplata presenteras gjerne framtida i ein kontekst av samanbrot som følgje av store ulukker. Og zombiar. Ein  dystopi med respekt for seg sjølv inneheld gjerne zombiar, som til dømes Word War Z og The Walking Dead.

Forskarar meiner det ikkje er biologisk mogleg at me kan kan verte zombiar. Så den mest presise skildringa av framtida vår er frå 2008 i form av ein animert film. Me skal til Wall-E, ein animert framtidsskildring frå Pixar. Han er så nær verkelegheitsnær at me lev midt i sentrale delar av han i dag. For jamvel handlinga av Wall-E er lagt til ein fjernare framtid, har farmtid verte notid takka vere våre politikarar som sett fridomen til enkeltmennesket framfor tryggleiken til fleirtalet.

 Gå ned Torggata i Oslo så forstår du kva eg meiner. Ståmopedane kjem susande som torpedoar frå ein torpedobåt. Parallellen til Wall-E er slåande. I filmen flyttar folk seg på elektriske liggefjøler med komfortable stolar medan dei ser på skjermen og leskar seg med snop og brus. I Torggata har ståmopedistane mobiltelefonen montert på styret og energidrikken i flaskeholdaren.

Målet er ein mest mogleg komfortabel transport, utan bruk av eigne krefter. I Wall-E er menneska feite. Dei er eigentleg ikkje i stand til å flytta seg utan liggefjøla. Og sånn kjem vi til å få det snart òg: bruken av ståmoped gjer at me mistar kvardagsmosjonen, dei få metrane me går frå heimen til busstoppet. Forskarar åtvarar allereie om at me på grunn av ståmopedane får enda mindre kondisjon no enn tidlegera. Samstundes et me like mykje mat, så kalorireknestykket går ikkje opp. Me kommer oss ikkje ut av den vonde sirkelen: blir dårlegare, så me må køyre endå meir ståmoped fordi me ikkje orkar anna.

Ståmopeden representerer alt som er gale med verda i dag: dovenskap, egoisme, inga tid å miste. Me skal underholdast og alt skal skje fortast mogleg. Ståmopeden er søppel når han ikkje er i bruk og ligg slengd på fortauet, og han har berre tre månaders levetid før han vert kassert på skraphaugen.

 Vår realitet er eigentleg dermed verre enn Wall-E. I filmen kan me ikkje bu på kloden på grunn av søppel og gift. Og den framtida går me – nei, me køyrer på ståmoped – inn i med opne auger. Me er så utsette for kjemisk skadelege stoff at me ifølgje nokon vil utslette oss sjølve fordi me ikkje vil klara å reprodusere oss.

 Bon apetitt!

Ingrediensar (til 3-4 personar):

  • 2 fedd kvitlauk

  • 1 ss ingefær

  • 1 liten chili

  • 1 liter vatn

  • 3 ss kyllingfond

  • 2 ss soyasaus

  • 1 ss kvitvinseddik

  • 1 ss honning

  • 1 ss sesamolje

  • 5-6 shiitakesopp (tørka eller fersk)

  • 3 vårlauk

  • 100 gram eggnudlar

  • Bok choi (kan erstattas med annen salat, til dømes bladbete)

 Topping:

  • 1 kokt egg

  • 3 vårlauk

  • Lime

  • Koriander

  • Kylling (til dømes stekte bitar eller strimla filet)

 Sånn gjer du:

 La tørka shiitakesopp ligge i vatn i omtrent 30 minutter. Rasp kvitlauk og ingefær, og fres i rapsolje i stor gryte saman med hakka chili i 30 sekunder. Tilsett vatn, kyllingfond, soyasaus, kvitvinseddik og honning og la det småkoke i 20 minutter. Tilset shiitakesopp, bok choi/salat, sesamolje og vårlauk og kok i fem minutter til. Kok eggnudlar i eigen kjele etter rettleiing på pakka. Servér suppa i suppeskål. Tilset topping etter smak og behag.

 

 

Øyeblikk #2: Bryllup

Øyeblikk #2: Bryllup

Øyeblikk #1: Telemarksfe

Øyeblikk #1: Telemarksfe